Ny norsk tidning startar den 20 augusti

Taterane er ei uavhengig nettavis med eitt mål – å betra taterane sin situasjon. Pressa kan vera eit mektig verktøy og ingen treng den fjerde statsmakt meir enn eit folk som har mista tillit til første, andre og tredje statsmakt. Eit folk som har ropt varsku høgt og lenge, utan at nokon høyrer.

Derfor har me laga ei nettavis som gjer akkurat det: Taterane. Målet med denne nettavisa er å vera den megafonen me treng for å bli høyrt og få fortgang på saker som angår oss.

Taterane er ei partipolitisk uavhengig avis, så vel som uavhengig av foreiningane. Avisa er finansiert av eiga lomme, og alt arbeid med avisa er gjort på frivillig basis.

Lansering

Endeleg lansering vil vera 20. august. Fram til då vil nettsida vera noko tom og redusert.

Menyen skal i utgangspunktet bestå av kategoriane: Historie, Folk, Utanriks, Kultur, Meiningar, Hendingar og Ressursar. Fram til me publiserer saker under dei ulike kategoriane vil me deaktivera menyen, derfor kan det verka noko tomt i perioden fram til 20. august, men ikkje ver redd – det kjem stoff!

Etter 20. august vil me publisera fast på måndag, onsdag og laurdag. Aktuelle nyheiter kjem fortløpande, uavhengig av dei faste dagane.

Ikkje berre nyheiter

I tillegg til nyheiter vil avisa også vera ein ressurs for tatersamfunnet. Me vil formidla informasjon om arrangement, organisasjonar, støtteordningar og ressursar som kan vera nyttige. Me vil så fort det lar seg gjera, vera ein kjelde til skriftleg romani.

Avisa skal vera eit verktøy som styrker og synleggjer tatersamfunnet, for å fremma positiv endring.

Foreløpig er me to i redaksjonen. Me er begge journalistar av yrke og driv Taterane på frivillig basis. De kan lesa meir om oss her.

Vil du bidra?

Sidan me berre er to om alt det redaksjonelle stoffet set me ekstra stor pris på innsendt stoff. Det kan vera alt ifrå lesarbrev til faste spaltistar. Me hjelper gledeleg til med korrektur og presseetisk rettleiing på alt innsendt stoff. Me hadde også blitt veldig glad viss nokon vil omsetta til romani.

Viss du kan bidra med noko av dette så vil me gjerne høyra frå deg, send oss ein mail på redaksjonen@taterane.no.

Språknorm

Me tar imot stoff på nynorsk, bokmål, romani, svensk og dansk. Det gjeld både for journalistane og innsendt stoff. På sikt vil me gjera ein ekstra innsats for å få stoff på romani. Me håpar det etter kvart skal bli mogleg å få sida på romani med eit tastetrykk.

Romani, tater eller reisande?

Det er over femti registrerte namn på folkegruppa og dei fleste er negativt lada. På slutten av 90-talet vedtok Romanifolkets Landsforening å ta eit av dei tilbake – taterne. Sidan då er dette namnet sidestilt med «romanifolk» i offentleg dokument. Derfor har me valt å bruka nynorskvarianten av taterne – Taterane.

Når det kjem til sakene me skriv vil me alltid respektera kva dei me skriv om føretrekker.

Andre reisande

Me kjem også til å formidla nyheiter om andre reisande grupper – i Noreg og internasjonalt. Sjølv om ulike reisande folk og grupper er ulike, er det også mykje som er- og har vore felles.

I ein norsk kontekst betyr det at me også kan dekka nyheiter og anna som gjeld norsk rom og rom i Noreg. I utlandet er det ikkje like lett å velja eit namn som famnar alle, då grupperingar og undergrupperingar er annleis. Derfor vil me i utgangspunktet bruka «reisande» som eit samleomgrep i utanrikssaker.

Avisa Taterne – hemsida
Facebook Avisa Taterne

Redaktionen
redaktionen@dikko.nu


Att vara en oberoende tidning kostar pengar så vill du hjälpa oss med att betala vårt fika får du gärna swisha en slant till 123 242 83 40 eller bg: 5534-0046

Vill du annonsera eller sponsra, synas eller höras i våra media?
Kontakta oss på redaktionen@dikko.nu
eller ring 0768 44 51 61

IBAN: SE19 9500 0099 6042 1813 4395
BIC: NDEASESS